page view image

Jolakonsert 05.12.26

Orkesteret Fossegrimen og Prosjektkoret og solistar inviterer til stor jolakonsert i Nain andre helga i advent, i tråd med ein mangeårig og kjær tradisjon på Voss!

Information
event image

Prosjektkoret og orkesteret vil saman framføre «Five Christmas Carols», som består av kjende engelske jolesongar arrangerte av David Willcocks – eit populært og velklingande verk, som vil setje den rette stemninga for ein førjolskonsert.


Eit reint orkesterverk vert det òg, med første sats frå Franz Schuberts Symfoni nr. 9 i C-dur, eitt av høgdepunkta i den klassiske orkesterlitteraturen. Vi får òg høyre Johann Sebastian Bach sin Konsert i d-moll for obo, fiolin og orkester, der vår eiga Edyta Bryk er solist på fiolin saman med Karolina Chmielewska (obo), som òg har spelt med Fossegrimen ei rekke gonger – ho har musikarutdanning frå Griegakademiet, og er frilansmusikar med base i Bergen.


Vi beveger oss meir over i jazzverda med den melodiøse balladen «A Child is Born» av Thad Jones, der den unge trompetisten Vilde Haukås Fosse frå Voss er solist. Vidare vil publikum få eit kjært gjenhøyr med Halleluja-koret frå Georg Friedrich Händels oratorium «Messias», som er eitt av dei verka vi oftast har framført på jolekonsertane våre.


Fossegrimen med kor, solistar og samarbeidande musikarar frå mellom anna Sogn og Fjordane Symfoniorkester ser fram til å ynskja velkomen til ei konsertoppleving med vakker og variert musikk – eit fint avbrekk i den travle førjolstida!


Lars Ragnvaldsen og Live De Lange står for instruksjonen av Fossegrimen sitt prosjektkor, medan Dagfinn Rohde er orkester- og konsertdirigent. Dette vert sannsynlegvis siste prosjektet i Rohde si tid som fast dirigent for Fossegrimen, så det er med vemod vi tek avskil etter mange års uvurderleg innsats – heilt avgjerande for at Voss og regionen har hatt og framleis har eit aktivt symfoniorkester!



Orkesteret Fossegrimen sin hovudsponsor